Torsdag, fredag og laurdag, 18. -20. september, vert det sal av kunst i regi av Volda og Ørsta Kunstlag. Kunstlaget sel eigen kunst og kunst i kommisjonssal.

Siste åra har Volda og Ørsta kunstlag valt å selje noko av kunsten som laget eig. Det gjer kunstlaget for å dekkje kostnader og vedlikehald av Kunsthuset i Ørsta sentrum. Fleire vedlikehaldsprosjekt har blitt fullførte på denne måten, også med god hjelp frå lokale bidragsytarar. Framleis har vi ein del flotte kunstverk på lager, av kjende og ukjende kunstnarar – mellom andre Arnfinn Mork-Stordal, Tove Strømme, Astri Eidseth Rygh, Ansgar Leiten, Hugo L Mohr, Børge Brekke og mange fleire.
Ope torsdag 18. og fredag 19. september kl. 14-18, laurdag 20. september kl. 11-15.
Ta deg ein tur innom! Kanskje finn du noko unikt som du kan tenke deg å kjøpe.
Hjarteleg velkomne til Kunsthuset i Ørsta!
