Sylvi Aambø – Livsreise i fargar og energi

2. – 31.mai 2025 Kunsthuset i Ørsta

Opningstider: fredag 2.mai – 18.00-20.00

Deretter torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00.

Malar og grafiker Sylvi Aambø frå Ørsta, viser bilete som byr på eit frodig univers av figurar, dels utforma som grafikk, dels i papircollage og pastell, dels i maleri. I billedspråket er det humor, muntre innfall og fantasirik næring både for tankar og sansar. Den personlege eigenarten som pregar bileta. gjer dei til noko sterkare enn trendbilete. Kvart enkelt bilete inneheld ei forteljing og ei fordjuping, men ikkje eit opplagt svar på livets evige gåte. Estetisk nyting er ein del av framstillinga, der både kunstnar og betraktar tar del i den.

Legg igjen en kommentar