Minneutstilling Helge Krøvel-Velle

22.02. – 01.03.2025

22. februar-1. mars er det minneutstilling for Helge Jarle Krøvel-Velle (1945-1975). Han var grafikar og kunstnar frå Ørsta, med base i Bergen, på starten av 70-talet. Dei grafiske arbeida hans har tema som var dagsaktuelle då, og som også i stor grad er aktuelle i 2025.

Mykje av tematikken i bilda er prega av politisk aktuelle tema frå 60/70-talet som romfart, naturøydeleggingar og krig. Han brukte grafiske teknikkar som mellom anna litografi, etsing, aquatinta og linotrykk.

Helge var utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole. Han hadde separatutstillingar i Oslo og Bergen. Verka hans var også representerte ved Vestlandsutstillingen 6 år, i tillegg til ei rad gruppe- og kollektivutstillingar. Kunsten hans har ikkje vore vist fram samla på over 40 år, så det er på høg tid.

Helge hadde vore 80 år i år, og denne utstillinga er arrangert av familien til Helge, saman med Volda og Ørsta kunstlag, for å heidre han som kunstnar.

Dette er lokalhistorie som ikkje er så godt kjent i Ørsta. Kunstverka vil med denne utstillinga bli tilgjengeleg for publikum, der de kan sjå ein tydeleg samanheng i tematikken og teknikkane Helge jobba med.

Velkomne til utstilling!

Opningstider
Opning laurdag 22. feb. kl.13.00(ope til 16.00)
Søndag 23. feb – 12.00-16.00
Torsdag 27. feb – 12.00-16.00
Fredag 28. feb – 12.00-16.00
Laurdag 1. mars – 12.00-16.00

Fri inngang

Legg igjen en kommentar