Olav Strømme

Olav Strømme

Olav Strømme vart fødd i Hovdebygda i Ørsta kommune, den 20 november 1909, og døydde 15.mai 1978 i Oslo. Han var ein norsk malar og blir gjerne omtala som sjølve pioneren for det abstrakte maleri i Noreg,

Strømme hadde utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1929-30) og frå Statens kunstakademi (1930-31).

Les meir om Olav Strømme her.

I november 2009 var det stor jubileumsutstilling i Kunsthuset med Olav Strømme. Då var det hundre år sidan Olav Strømme vart fødd.

Olav Strømme- galleri permanent i Kunsthuset

Kunsthuset har i andre høgda ei samling med bilete av Olav Strømme. Her kan ein sjå verk frå ulike tider av produksjonen hans.  Lokala til galleriet er oppgraderte, og det nye galleriet blir opna 13.juni 2019.

Olav Strømme - Sildefiske
Sildefiske

Strømme har ein solid posisjon i norsk kunsthistorie. Det nye galleriet er meint å vere ein hyllest til Olav Strømme for hans rolle som banebrytande modernist og inspirasjonkjelde for kunstnarar og publikum.

Ein pioner

Olav Strømme blei fødd i Ørsta i 1909, og høyrer til under kunststrøymingar i mellom – og etterkrigstida, sjølv om hans kunstnarskap nettopp bær preg av å gå på kryss av dei ulike strøymingane som har vore. Strømme var innom fleire ulike uttrykk, og mellomkrigstidas avantgarde – strøymingar dadaisme, surrealisme og kubisme, var alle felt Strømme uttrykte seg gjennom. Samstundes rørte han seg som sagt også utanom tidas uttrykk. Grunnen til at ein kan seie det, er at det i mellomkrigstida var ei tid med veldige spenningar i kunstmiljøa, der ulike retningar knivde om å vere førande. For å oppnå større påverknadskraft for kunstutviklinga – og miljøa, prøvde dei å besette flest muleg stillingar innan kunstinstitusjonar i Noreg. Slik kunne dei legge føringar, påverke – men også inkludere og ekskludere kunstnarar alt etter om dei stod for dei riktige måla i kunsten. Og Strømme var ein som gjekk sine eigne vegar, var innom ulike uttrykk og fann inspirasjon frå ulike kjelder. Derfor vart han også sedd på som ein som gjekk utanom førande kunstretningar. Ut frå dagens perspektiv er det derfor lett å seie at han ikkje fekk den merksemda han fortjente i si tid, for i dag vil vi kalle slike vegar å gå for originalitet og pionerarbeid. Likevel må det seiast at han var ein kjent person i kunstmiljøa på si tid

Kjente hovudverk er Byen og Sommerfugl over en by. I tillegg er det mange kunstverk med motiv henta frå fiskefeltet, med titlar som Sildefiske.

Legg igjen en kommentar