Kristian Finborud – etsing

«Den kalde, fine tida«…

12.november – 4.desember 2021

Opning fredag 12. november kl. 17.30. (Ope til kl. 20.00).

Musikalsk innslag v/Mari Ella Grytten Skarstein, Ørsta kulturskule.

Opningstider: Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00.

Gratis inngang.

Utstillinga på kunsthuset i Ørsta, består av 45 etsingar.

Processed with VSCO with q4 preset

Kristian Finborud har eigen verkstad på Voss.

I denne utstillinga blir du invitert inn i Finboruds varierte biletverd.

Stemningsfulle snølandskap, ispedd lun humor, kan være stikkord for denne serien av trykk.

Finborud formidlar møtet mellom menneske og natur slik at mange kan kjenne seg igjen, og skibileta hans har gitt han eit stort og begeistra publikum i Noreg. Her finn vi alt frå fjellets heltar, til dei som klossete famlar seg av stad på sin første skitur med bestemor.

Utstillinga viser også andre årstider, der nordmenn gjerne søkjer ut i det fri, med motiv både frå hav og fjell der menneske er involvert. Utstillinga inneheld også ein serie reine landskapsbilete.

Alle bileta er utført i etsing og trykt for hand i Finborud sin verkstad på Voss. Etsing er ein tidkrevjande teknikk, der platene må setjast inn med farge på nytt for kvart eksemplar. Opplaget er avgrensa til 55 eksemplar per motiv. Det er ikkje brukt datautstyr i framstillinga av desse trykka.

Kristian Finborud er fødd i 1964 i Porsgrunn. Han har utdanning frå Bergens kunsthåndverksskole , der han tok diplom i 1988.
Han driv i dag Finborud galleri og verkstad med to tilsette i Voss sentrum.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s