Festspelutstilling – Kjell Nupen og Ørnulf Opdahl – 10.juni – 03.juli 2021

Opning torsdag 10.juni kl. 16.30 v/Nynorsk kultursentrum – Stina Aasen Lødemel, og musikalsk innslag.

Påmelding til leiar@kunstlaget.no – merk eposten med «Festspela».

Utstillinga er open alle dagar gjennom Festspela:

Torsdag 10.6: Kl. 16.30-19.30
Fredag 11.6.: kl. 11.00-16.00
Laurdag 12.6: kl. 11.00-16.00
Søndag 12.6: Kl. 12.00-16.00

Elles ope torsdag, fredag, laurdag frå 12.00 – 16.00 fram til og med laurdag 03.juli 2021.

Gratis inngang.

Kunstlaget rettar seg etter FHI og Ørsta kommune sine til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar.

Festspelutstillinga 2021 opnar på Kunsthuset i Ørsta torsdag 10. juni med biletkunstnarane Kjell Nupen og Ørnulf Opdahl som utstillarar. Saman med fleire andre yngre norske kunstnarar let både Nupen og Opdahl seg i 1980-åra inspirere av Olav Strømme og hans biletverd. Når dei no i perioden 10.juni-3. juli fyller heile første etasje på Kunsthuset med maleri og grafikk, er dette ein hyllest til «meisteren», Olav Strømme, som har sitt faste galleri i andre etasje. For Volda og Ørsta Kunstlag er det ei stor ære å få vere vertskap for ei utstilling med Ørnulf Opdahl, Kjell Nupen og Olav Strømme i same hus!

Kjell Nupen vart fødd og vaks opp i Kristiansand. Allereie som tenåring visste han at det var kunstnar han skulle bli. Som 17-åring vart han oppteken som elev ved Statens Kunstakademi i Oslo, og som 20-åring drog han utanlands, til Dusseldorf og Staatliche Kunstakademie. Etter det var han ein kunstnar i kontinuerleg utvikling.

Kjell Nupen – «Hjemsted – Nature Morte».

Grafikken var ein viktig del av Nupen sitt kunstvirke; tresnitt, litografi, og fleire typer metalltrykk. Som utøvande kunstnar stod han trygt på eigne bein med eit stor tal separatutstillingar, men han hadde også spennande samarbeidsprosjekt med blant andre Dronning Sonja og Ørnulf Opdahl, noko som resulterte i fleire fellesutstillingar. I tillegg fekk han gjennom åra mange prestisjetunge utsmykningsoppdrag både i inn- og utland.

Nupen døydde i 2014, og det er takka vere stor velvilje frå kona hans, Aino Ilkama, vi no kan stille ut kunsten hans i Ørsta.

På utstillinga er Nupen er representert med litografiar, medan Opdahl stiller ut måleri.

Ørnulf Opdahl er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi i Oslo, og var i perioden frå 1985 til 1992 professor ved Statens Kunstakademi.

Ørnulf Opdahl – Lyset fra breen

Naturen er sentral i Opdahl sine verk, der han arbeider for å fange ei stemning i landskapet, ei landskapsånd. Motiva hans grensar opp mot eit abstrakt formspråk. Dette gjer at både grafikken hans og måleria med motiv frå Vestlandet engasjerer publikum både nasjonalt og internasjonalt.

Sidan Ørnulf Opdahl debuterte på Vestlandsutstillinga i 1964, og hadde si første separatutstilling i Oslo Kunstforening i 1966, har han hatt ei imponerande karriere som kunstnar. Han har i alle år hatt eit tett utstillingsprogram i inn- og utland og har utført fleire offentlege utsmykkingar, som for Stortinget, Norges Bank og Universitetsbiblioteket i Oslo. Opdahl var ein av initiativtakarane til, og sat i styret til Olav Strømmes Minnefond, som på mange vis har bidrege til å halde kunnskapen om Olav Strømme og kunsten hans levande.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s