Robert Steinnes «Portrett». Separatutstilling.

11.oktober – 02.november 2019

Multikunstnaren Robert Steinnes stiller ut portrett.

Fredag 11. oktober opnar Volda og Ørsta Kunstlag ny utstilling på Kunsthuset, og denne gongen har vi gleda av å presentere multikunstnaren Robert Steinnes og den store portrettsamlinga hans. Portretta er kolteikningar, og alle er i same format, 40×40 cm.  Ingen av bilda har tittel.

Robert fortel at han har prøvd å fange opp blikk, utrykk, haldningar, sveis, inntrykk, sinnelag osv. frå menneske han har møtt eller har sett foto av. Det er ikkje portrett av nokon bestemt. Dei fleste bilda tek utgangspunkt i hans eige sinn/minne eller i tidlegare arbeid. Nokre er inspirert av foto der han har observert eit auge eller ein munn han har funne interessant.

Ideen til utstillinga kom då kona hans, Kari, viste han eit digitalt fotoalbum med portrett tekne av fotograf Johan Nerbøvik. Desse var frå mellomkrigs- og etterkrigstida. Robert seier vidare: «Eg ville prøve å lage eit album med store mengder bilde som kanskje gir sjåarane den same opplevinga som eg fekk då eg sat og bladde i den gamle fotosamlinga. Kven er desse personane? Kva historie ligg bak blikk og ansiktsuttrykk?»

Robert  er opphaveleg frå Ørsta, men har dei siste femten åra budd i Volda. Han har kunstutdanninga si frå Institutt for metall ved Kunsthøgskulen i Oslo, der han var uteksaminert i 2003.

Robert likar å arbeide med skulpturelle uttrykk og gjerne i stort format. Han er m.a. skaparen av Padda i Austefjorden, og det siste året har han saman med Katharina Teige Førde vore inspirator og rettleiar for seks ungdommar frå Volda og Ørsta som i regi av Volda og Ørsta Kunstlag har utforma installasjonen «Lyden av Vatn» som no står i Elvadalen i Volda.
Men multikunstnaren tek også gjerne både penselen og kolstiften fatt, og han har ved fleire høve hatt måleriutstillingar, også på Kunsthuset i Ørsta.

Under opninga av utstillinga, blir det godt høve til dialog mellom kunstnaren og publikum. I tillegg vil det bli musikk ved Robert og den nyoppretta jazzgruppa hans – «Kløvning Jazz Kløbb».  Flotte portrett, fengande jazz-rytmer og god prat.
Alle er velkomne til ein triveleg fredagskveld på Kunsthuset.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s