NåDa-utstilling – «På veg» 5.12 – 9.12.2018

Vi viser NåDa-utstillinga «På veg» på kunsthuset frå onsdag 5.desember kl. 18 – til søndag 9.desember kl. 16.00

Utstillarar: Idun Dorthea Sjøhelle Eiksund, Even Finnøy, Ylva Homlong, Birgithe Kristine Runde, Petrine Ystebakk Sjåstad og Emilie Myrene Stokke.

Kunstnarlege leiarar for prosjektet er Robert Steinnes og Katharina Teige Førde.

Opning onsdag 5.12. kl. 18.00. Musikalsk innslag med Lea Magerøy og Julie Kolnes.

NåDa er eit prosjekt om samtidskunst og kulturarv, for ungdom i alderen 12-18 år. Gjennom aktiv deltaking skal ungdommar, i samarbeid med ein biletkunstnar, skape kunstprosjekt  med utgangspunkt i lokale kulturminne. NåDa er initiert av Norske Kunstforeninger, og består av prosjekt i 10 kunstforeningar landet rundt.

Prosjektet er gjort mogleg gjennom ei nasjonal gåve frå Sparebankstiftelsen DNB.

Kommunalt kraftverk vart sett i drift i Ørsta i 1915 og la grunnlaget for industribygda Ørsta.
Blant bedriftene som vart oppretta etter dette var sementvarefabrikken som vart bygd i 1917. Seinare kom den store verksemda Grepa som mellom anna produserte omnar og komfyrar, til Ørsta i 1929 fordi her var tilgang på elektrisk kraft. Dette vart ei viktig nøkkelbedrift i bygda, og ho tok mellom anna over lokala til sementvarefabrikken. Dette bygget  blir no kalla Kunsthuset og er drive av Volda og Ørsta Kunstlag.

Med bakgrunn i den tette koplinga mellom elkraftutbygginga og Kunsthuset, konkluderte  styringsgruppa for NåDa med at det var naturleg at det lokale prosjektet tok utgangspunkt i kulturminne knytte til elkraftproduksjon.

Frå hausten 2018 har prosjektet to kunstnarlege leiarar, Robert Steinnes og Katharina Teige Førde.
Prosjektet er støtta av Tussa Energi, Volda kommune, Norske kunstforeninger, Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s